FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

Forutnytt 3/2003 >  Kritikk mot Noregs rolle

Kritikk mot Noregs rolle

Den norske innsatsen i fredsprosessen på Sri Lanka har lenge vore omdiskutert, særleg blant singalesiske grupper sør i landet. NRK-journalist Sverre Tom Radøy brakte nokre av dei mest kritiske synspunkta vidare i ein kronikk i Aftenposten 19. august.
- trass i at det var hennar regjering som opphavleg inviterte Noreg til å være bindeledd og tilretteleggjar mellom partane.
09.10.2003
Lodve A. Svare

I artikkelen hevda Radøy mellom anna at det norske diplomatiet har opptrådt klønete i forhold til presidenten i landet, Chandrika Bandaranaike Kumaratunga. Presidenten, som representerer det største opposisjonspartiet (PA), har frå tid til anna komme med skarp kritikk av det norske engasjementet

På singalesisk side er det statsminister Ranil Wickremesinghe som i dag får æra for våpenkvileavtala med dei tamilske tigrane (LTTE). Avtala vart underskriven i februar i fjor. Tigrane vil helst ikkje ha noko med president Kumaratunga å gjere; mange år med bitter krigføring og fleire mislykka fredsforsøk har gjort at LTTEs tillit til henne som statsleiar og forhandlingsmotpart er bortimot ikkje-eksisterande. Presidenten kjenner seg på si side oversett av dei norske regjeringsrepresentantane. Ein rådgjevar for Kumaratunga skulda nyleg Noreg for å freiste å ta styringa over landets politikk i forhold til tamilgeriljaen.

Eit anna ankepunkt som Radøy framfører er skuldingane om at Noreg ikkje opptrer upartisk, men derimot favoriserer dei tamilske tigrane. Det er ei kjent sak, også i Sri Lanka, at det bur meir enn 10 gonger så mange tamilar som singalesarar i Noreg. Det er særleg det singalesisk-nasjonalistiske «opprørspartiet» JVP som står i spissen for denne kritikken. JVP vil ha Noreg ut av fredsprosessen og også fjerne det norskleia observatørkorpset, SLMM (Sri Lanka Monitering Mission), som overvakar våpenkvila. JVP er president Kumaratungas viktigste alliansepartner. Ho treng støtte frå dette partiet for å kunne bli vald til landets neste statsminister. Kumaratunga er inne i sitt tiande år som president og kan etter grunnlova ikkje veljast for ein ny periode.

Det at Noreg både er tilretteleggjar i fredsprosessen og ansvarleg for observatørstyrken, gir oss ei dobbeltrolle som er upopulær, skriv Radøy. SLMM blir kritisert mellom anna for ikkje å etterforske politiske drap. Denne kritikken får støtte av mellom andre Amnesty International og Human Rights Watch. Også det buddhistiske presteskapet er svært misnøgd med observatørkorpset; munkane har organisert fleire protestmarsjar i Colombo for å få SLMM til å reise heim. Det er generalmajor Tryggve Tellefsen som i dag leiar korpset, som i tillegg til Noreg mønstrar personell frå Danmark, Sverige, Finland og Island.

Parallelt med dei politiske komplikasjonane, ser det ut til at også vanleg folk får stadig mindre tillit til Noreg som leiar av fredsprosessen. Ei meiningsmåling frå i sommar, gjennomført av Centre for Policy Alternatives (CPA), viser at berre 38 prosent av srilankerane synest at Noreg gjer ein god jobb. I januar i år var talet 42 % og i november 2002 46 %. Den same trenden viser seg i forhold til observatørkorpset; berre 27 % meiner at SLMM opptrer nøytralt i forhold til partane, mot 30 % i januar og 33 % i november i fjor. Norsk UD og dei nordiske observatørane jobbar altså i motvind for tida.

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Vidar Helgesen, imøtegår i eit tilsvar i Aftenposten 23. august viktige delar av den kritikken Sverre Tom Radøy framfører. Helgesen poengterer at det er heilt naturleg at Noreg som uavhengig tredjepart blir møtt med både kritikk og rykte: «Når to krigførende parter forhandler om fred ved hjelp av en uavhengig tredjepart, vil sistnevnte med jevne mellomrom bli anklaget for å favorisere den ene eller andre part. I Sri Lanka blir vi møtt av slik kritikk, og det fra begge parter. Den er en belastning vi må være villige til å ta dersom vi skal kunne gi nyttig assistanse til partene i deres bestrebelser for å bringe en av verdens mest komplekse konflikter til en fredelig løsning.»

Helgesen avviser at Noreg ikkje opptrer like konstruktivt overfor president Kumaratunga som overfor statsminister Wickremesinghe. Noreg har systematisk kontakt med presidentens eigen rådgjevar, leiaren for opposisjonspartiet (PA) og presidenten sjølv, skriv statssekretæren, og strekar under at denne kontakten er viktig og blir verdsett frå norsk hald.

dot

Neste artikkel:

Forrige artikkel:

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD