FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

1/2003 >  FORUT Senegal mot nye høgder

FORUT Senegal mot nye høgder

Viktig filmpris, nasjonale tv-program, aktiv nettverksbygging mot nye samarbeidspartnerar, dagsaktuelle debattar og seminar, ein meir profesjonell filmproduksjon, raffinering av konseptet for sosial kommunikasjon, eit styrkt fokus på barn og funksjonshemma, nyvekt interesse blant nasjonale styresmakter samt eit stadig betre omdømme som lærings- og kulturinstitusjon - alt dette pregar FORUTs mediesenteret i Dakar, som no er godt inne i sitt sjette travle arbeidsår.
27.03.2003
Lodve A. Svare
I den største og viktigaste filmkonkurransen i Senegal stakk FORUT av med den gjevaste prisen. Dokumentaren om nasjonens fotballhelt, som etter fleire års alvorleg alkoholmisbruk fekk livet totalt øydelagt, gjekk heilt til topps. 16. desember kunne Moussa Gueye, på vegner av FORUTs tilsette samt noverande og tidlegare studentar, motta beviset frå kulturminister Landing Savané. Det høyrer dessverre med til historia at hovudpersonen i filmen døydde ikkje lenge etter at produksjonen var avslutta.

Feirer seg sjøl: Filmfestivalen ble avsluttet med en hyggelig fest.
Filmprisen, som er eit merkepunkt i FORUTs Senegal-historie, understrekar den viktige posisjonen mediesenteret har oppnådd. Både presidentkontoret, landets kultur- og filmmiljø, universitetet i Dakar, samt andre nasjonale og internasjonale institusjonar og organisasjonar (inkludert FN), har for lengst merka seg det høge aktivitets- og kvalitetsnivået. FORUTs arbeid med å hjelpe fram ungdom som ønskjer å delta i samfunnsdebatten og påverke utviklinga, møter i dag stor interesse og får aukande støtte frå ulikt hald.

Kjerneaktiviteten er opplæring av ungdom i bruk av moderne videoteknologi for å rette søkjelys mot, og skape debatt om, samfunnsproblem som hemmar demokratisk utvikling og framgang. Tilsvarande opplæring i sosial kommunikasjon er det ingen andre institusjonar i Senegal eller dei nærmaste nabolanda som tilbyr. At behovet er der, og at interessa er til stades, vitnar talet på søkjarar om. Medan senteret mottok drøyt 50 søknader det første året, var det over 300 som melde si interesse for den eittårige utdanninga i fjor. Kvart år har 12 ungdommar fått sjansen – seks jenter og seks gutar. Opplæringa er gratis, ettersom dei som får studieplass ikkje kan finansiere utdanninga sjølve. Utdanningsåret vert avslutta med ein årleg filmfestival, kor alle filmane som studentane har laga inngår i programmet (sjå Juventes plass side 15). FORUT organiserer også eigne kursopplegg for studentar og andre interesserte som kan betale for seg.
FORUTs mediesenter er ikkje berre ein unik utdanningsinstitusjon; organisasjonen deltar som ein aktiv og pågåande aktør på mange arenaer. Ikkje minst speler FORUT ei viktig rolle som kommunikasjonsekspert og formidlar for andre friviljuge, humanitære organisasjonar. Målet er å hjelpe ikkje-statlege, ikkje-kommersielle aktørar, med mål og visjonar som liknar FORUTs eigne, i å nå fram med sin bodskap. FORUT tar også jamleg initiativ til debattar og seminar som setter demokrati, menneskerettar og utviklingsspørsmål på dagsorden.

To nye programkonsept handlar om barn og unge funksjonshemma. Ein film som tar opp barns rett til tryggleik og utvikling, er laga i samarbeid med UNICEF. FORUT er også i gang med å publisere skriftleg informasjon om barns behov og leveforhold gjennom eit samarbeid med universitetet i Dakar. I lag med FNs kvinneorganisasjon UNIFEM, får funksjonshemma jenter på landsbygda trening i å bruke ny informasjonsteknologi. 200 andre utviklingshemma ungdommar har allereie fått tilsvarande opplæring gjennom eit samarbeid med International Development Research Centre. Eit tv-program som rettar søkjelys mot konsekvensar av alkohol- og narkotikamisbruk, utarbeidd i samarbeid med Jacque Chirac-senteret, er planlagt vist på den statlege tv-kanalen.

Det skjer så mykje oppløftande i Senegal no at FORUT-staben der for alvor har byrja å tenke høgt og langt fram:

- Vi ønskjer å utvikle FORUT Senegal til ein sterk afrikansk organisasjon. Med vidare støtte frå FORUT på Gjøvik kan vi i løpet av få år makte å stå på eigne bein, seier Moussa Gueye, ansvarleg koordinator for FORUT i Senegal. Sidan starten for meir enn seks år sidan, har han leia arbeidet med å kople ungdom og ny teknologi til behovet for demokratisk og sosial utvikling i heimlandet.

– Den forpliktande støtta frå Noreg sidan oppstarten har gjort det mogleg å bygge opp ein unik kunnskaps- og læringsinstitusjon. I dag er vi ein del av eit solid og omfattande nettverk med mange samarbeidspartnerar. Vi bør vere i stand til å utnytte dette og slik gradvis utvide og trygge vårt økonomiske fundament, seier Gueye, som ikkje berre har området innanfor Senegals grenser i tankane:

– Vi tenkjer regionalt; mediesenteret som ressurs- og læringssenter kan fungere som modell for heile Vest-Afrika. I 2002 var to av våre 12 heilårsstudentar utanfrå (Sierra Leone og Frankrike). Vi trur vi kan nå langt og oppnå solide resultat om vi berre greier å utnytte potensialet vårt. Vi håper sjølvsagt at FORUT på Gjøvik vil støtte oss aktivt i denne prosessen. Vi treng oppbacking frå norsk hald enno i mange år. Berre viss denne støtta held fram, kan vi verkeleggjere våre visjonar og aktivt påverke den vidare utviklinga i vår del av verda, avsluttar Moussa Gueye.
dot

Neste artikkel:

Forrige artikkel:

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD