Hjem
Stilling ledig
Nyheter
Prosjektland
Sri Lanka
Sri Lanka etnisk konflikt
Sri Lanka Tsunami
Sri Lanka Inparuddy
India
Nepal
Sierra Leone
Malawi
Temaer
Kampanjer
FORUTs barneaksjon Indrani
Bakgrunnsstoff
Bilder
Fortellinger
Spill, oppgaver, oppskrifter
Fra barnehager og skoler
Skoleløpet
Kampanjenyheter
Støtt FORUT
FORUT-partner
FORUT prosjektpartner
FORUT-nytt/Publikasjoner
English
Nettbutikk
Lenker
|
Home > Prosjektland > Sri Lanka > Alvorlege brot på menneskerettane
Alvorlege brot på menneskerettaneTrass i fredsprosess og generell våpenkvile: Både Sri Lankas politi og tamilgeriljaen i nordaust held fram med drap og tortur mot uskuldige sivile. Stadig nye rapportar om overgrep uroar sterkt Amnesty International og andre freds- og menneskerettsorganisasjonar. Frykta er stor for at dei mange brota på menneskerettane no set sjølve fredsprosessen i fare.
30.09.2003
Politiske drap Amnesty International har dokumentert 22 drap og 16 bortføringar sidan våpenkvila trådde i kraft i februar 2002. Ofra er hovudsakleg medlemmer av tamilske politiske parti som står i opposisjon til LTTE samt familiemedlemmer og tilhengjarar av desse, men enkelte muslimar og folk med tilknyting til dei statlege tryggingsstyrkane er også tatt av dage. LTTE har så langt ikkje tatt på seg ansvaret for desse åtaka. Samstundes kjem det stadig nye rapportar om drap og tortur mot sivile som sit i ulovleg politiarrest. Både regjeringa og LTTE har forplikta seg til å respektere internasjonale avtaler og avstå frå drap, tortur, bortføringar og andre overgrep mot sivilbefolkningen. Partane ser dessverre ikkje ut til å legge ned mykje innsats for å halde denne lovnaden. Dei tamilske politikarane som er drepne eller bortførte, har tilknyting til Eelam People’s Democratic Party (EPDP), Eelam People’s Revolutionary Liberation Front (EPRLF), People’s Liberation Organisation of Tamil Eelam (PLOTE) og Tamil Eelam Liberation Organisation (TELO). Familiemedlemmer og støttespelarar har også blitt ramma. Mange av dei siste drapa har skjedd i den austlege delen av landet, som militært er delt mellom regjeringsstyrkane og LTTE. Politiske mord for å kvitte seg med brysomme motstander er dessverre eit gjennomgangsfenomen i Sri Lankas 20-årige borgarkrigshistorie. Mange vona at våpenkvileavtala mellom partane ville bidra til å hindre nye likvideringar. No veks uroa fordi drapa held fram, og verken politi eller observatørkorps ser ut til ville etterforske overgrepa. Tortur og drap i ulovleg politivaretekt Den asiatiske menneskerettskommisjonen (AHRC) har i fleire pressemeldingar den siste tida dokumentert alvorlege tilfelle av drap og tortur mot uskuldige sivile i ulovleg politivaretekt. Eit av dei mest avskyelege overgrepa skjedde i sommar da ein 32 år gammal gummiarbeidar vann pengar i eit lotteri. Da nyhenda blei kjend, vart mannen fleire gonger oppsøkt og truga av politifolk som ville ha ein del av pengane. Han vart til slutt arrestert og tatt med til den lokale politistasjonen. Der blei han mishandla og torturert så grovt at han seinare døydde av skadene politiet hadde påført han. Hendingar som dette er dessverre ikkje eineståande. Berre dei siste vekene har AHRC rapportert om hårreisande tortur mot fleire mindreårige som sit i politiarrest utan dom og tiltale. Eitt tilfelle som har vekt særleg harme er overgrepa mot 17 år gamle Chamilla Bandara. Han vart hengt opp etter tommelfingrane og mishandla så grovt at han ikkje lenger kan bruke den eine armen. Ein liknande torturmetode blei Saman Kumara utsett for – også han berre 17 år. Bror hans på 14 var mistenkt for å ha stole ein klase bananar. Etter fleire dagar i politiarrest tilsto brørne til saman 25 kriminelle handlingar dei ikkje kjende noko til. AHRC meiner det er heilt avgjerande at styresmaktene i Sri Lanka no prioriterer å etterforske tortur og andre overgrep gjort av politiet. Dette føreset at dei som er offer for tortur kan kjenne seg sikre på at dei ikkje risikerer nye overgrep viss dei står fram med historia si. Omfanget er stort, og politiet opptrer i realiteten som ei statsmakt utan kontroll. Ofra er i mange tilfelle heilt uskuldige. Metodane som er i bruk er også svært alvorlege, som t.d. å henge folk opp etter fingrane og så utsette dei for slag. Skade på hovud og lever er vanlege og fører i mange tilfelle til at folk blir invalidiserte for resten av livet. I nokre tilfelle har torturen også dødeleg utfall. Etterforsking av kriminelle lovbrot skal etter lova skje i regi av den lokale politistasjonen, men dei lokale politimeistrane manglar heilt grunnleggjande kompetanse i det å utføre kriminaletterforsking. Kjem dei under press, tenderer mange til å bli bandeleiarar i staden for etterforskingsleiarar. Eit omtalt døme er behandlinga som Gerald Perera blei utsett for. Han vart arrestert og omsynslaust banka opp berre fordi han har same fornamn som ein namngitt tjuverimistenkt. Lokale politifolk er med andre ord ikkje kvalifiserte til å drive profesjonell etterforsking, og det trengst difor ei solid kompetanseheving på alle nivå i etaten. Etaten manglar også klare instruksjonar for korleis arrestasjon og avhøyr av mindreårige skal skje. AHRC oppmodar dei srilankiske styresmaktene til å opprette ei særskilt etterforskingsavdeling, kor godt utdanna fagfolk med relevant erfaring får ansvaret for å etterforske alvorlege lovbrot. Dette vil kunne redusere omfanget av polititortur og på sikt også løfte omdømmet til politietaten mange hakk. Lokale politistasjonar kan dermed konsentrere innsatsen om alminneleg lov og orden og mindre alvorlege episodar. Dugløysa og mistilliten til politi- og rettsvesen har alvorlege konsekvensar. Folk unngår helst å måtte forklare seg i retten, og mange tar i aukande grad saka i eigne hender for å hemne lovbrot. Private straffeaksjonar i gatene har blitt vanleg mange stader – både i form av drap og andre fysiske overgrep. Særleg utsette er sjåfører som vert innblanda i trafikkulykker; dei må ofte flykte hals over hovud for å berge livet. Slike hendingar forsterkar naturlegvis berre mistilliten mot eit korrupt politi og eit tregt og minst like skakkjørt rettsvesen. Nasjonalforsamlinga sette nyleg ned ein komite som skal gjennomgå rettsvesenet og foreslå reformar. AHRC meiner dette arbeidet er særskilt viktig, ettersom rettsvesenet i stadig mindre grad evnar å gjere opp for urett og overgrep. AHRC har difor bede komiteen om å gjennomgå alle delar av rettsappararet. Spesielt er det viktig at samrøret mellom politiet og ulike kriminelle miljø blir brote. Slike band utgjer ryggraden i organisert kriminalitet. Det er vidare heilt avgjerande at politiet sin praksis med å trikse med bevis opphører. Til og med høgsterett har erkjent at dette er eit alvorleg og utbreidd problem i dagens Sri Lanka. På grunn av unntakstilstand og mange ekstraordinære tryggingstiltak innført som ein konsekvens av borgarkrigen, har politiet hatt utvida fullmakter til å gjere meir eller mindre som dei sjølv vil. Dette må endrast radikalt ved å at dei normale rettsinstansane får tilbake mykje av den makta som politiet har utøvd og framleis utøver. Den sterke maktposisjonen til politiet har lagt vegen open for meir korrupsjon, både i politiet og blant juristane. Advokatar som er «inne» med politiet får stor makt i eit lokalsamfunn, medan dei som først og fremst held seg til lova, blir forbigådd – kanskje også truga på livet. Eit anna problem er at media ikkje er objektiv og uavhengig, men derimot opptatt av å skulle forsvare bestemte politiske parti. Srilankerane mangler såleis frie kanalar for å uttrykkje holdningar og verdiar, for eksempel om kva som er rett eller gale, fint eller stygt osb. Dette trengst meir enn nokon gong – ikkje minst for å bygge respekt for menneskerettane i alle lag av folket. Først da kan folk sleppe å vere offer for einsidig partipropaganda og blind mediaagitasjon. Som om ikkje dette var problem nok: Den nasjonale menneskerettskommisjonen i Sri Lanka vart nyleg kritisert av Asia-kommisjonen for å ha ein korrupt medarbeidar som hjelper dei som står bak overgrep og motarbeider at disse blir stilte til ansvar for handlingane sine. Det er den regionale koordinatoren i Kandy som er kjend for å ha svært tette band til folk i maktposisjonar. Personen det dreier seg om skal mellom anna ha nekta offer for overgrep å uttale seg og kome med truslar for å hindre at dei gir opplysningar til menneskerettsorganisasjonar om kva dei har blitt utsette for. Fleire av dei siste torturtilfella mot ungdom i politiarrest har skjedd nettopp i det området som denne koordinatoren skulle overvake. Slik bidrar tragisk nok ein som skulle hjelpe til med å skape respekt for menneskeverdet sjølv til at nye overgrep kan skje.
|
Nyheter fra FORUT2011-09-23 Interessekonflikt i sentrum2011-09-19 Erklæring allerede vedtatt2011-09-19 FORUT på FNs høynivåmøte2011-08-09 Ti millioner mennesker rammet av tørken2011-08-03 Hyllest til rosemarsj2011-07-25 FORUT kondolerer2011-07-14 Urbane Totninger med ny, stor gave
|
||
FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling |