Hjem
Stilling ledig
Nyheter
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
Prosjektland
Temaer
Kampanjer
FORUTs barneaksjon Indrani
Bakgrunnsstoff
Bilder
Fortellinger
Spill, oppgaver, oppskrifter
Fra barnehager og skoler
Skoleløpet
Kampanjenyheter
Støtt FORUT
FORUT-partner
FORUT prosjektpartner
FORUT-nytt/Publikasjoner
English
Nettbutikk
Lenker
|
Home > Nyheter > Helsing frå Hornindal barnehage
Helsing frå Hornindal barnehageVi har arrangert FORUT-basar i barnehagen kvart år sidan barnehagen vår opna (11 år i år). Det har autvikla seg til å bli eit høgdepunkt for barn og nærmiljø. Beløpet vi får inn kvart år er omlag 5000 kroner!
26.11.2003
Barnehagen vår har to avdelingar med til saman 50-60 barn. Barn som tidlegare har gått i barnehagen, spør foreldra om å få vere med når yngre søsken skal arrangere basaren. Vi brukar heile hausten til å førebu oss og gevinstane vi loddar ut, har vi laga sjølve. I år gjekk det med 1600 lodd! Premiane er mellom anna eigenprodusert potet i fint dekorerte posar (2-åringane sitt prosjekt), ved frå eigen skog, tørka kantarell, einebær, tørka urter til te, urtebrød, rosesaft, bjørkelauvsalt og -gelé, urteolje, sylte av ulike slag og kjeks. Alt har vi framskaffa eller laga sjølve, inkludert dekorerte glas og flasker, samt papir til etikettar.
Elles lagar vi bilde i ulike teknikkar og diverse ullprodukt (til dømes eple, grytelappar og, sitteunderlag). Utvalet varierer litt år for år, men alt er eigen produksjon. Vi har i tillegg til basaren ein salsbod med produkt som FORUT sender til oss. Med utgangspunkt i det landet vi lærer om kvart einskild år, lagar vi matrettar som stammar derifrå. Dette er veldig populært for store og små. Vi har òg eksotisk frukt til sals. Det er barna sjølve som lagar og seljer mat og alt det andre. I år har vi til dømes dekorert veggane med plakatar og teikningar, sett fram instrument og hengt opp dikt som passar til det fleirkulturelle temaet. Vi høyrer på musikk, ser video og lysbilde og får besøk av personar som har vore i utlandet slik at det fleirkulturelle miljøet skal skape stemning og vi får høve til å leve i det! I år tok vi vekk alle leikane for å identifisere oss enda meir med barna. Vi bruker no berre kasser, stoff og anna naturmateriale. Det heile har utvikla seg til ei svært positiv oppleving! Basaren har fått ein stor plass i kokeboka «Klare sjølv – kokkar små med kopp og skei», som vi gav ut i fjor og som er seld i 5000 eksemplar i heile Norge. I år fekk vi til og med besøk av folk utanfrå som ville vere hospitantar for å lære av det vi gjer! Ann-Iren Ulvedal, styrar
|
Nyheter fra FORUT2011-09-23 Interessekonflikt i sentrum2011-09-19 Erklæring allerede vedtatt2011-09-19 FORUT på FNs høynivåmøte2011-08-09 Ti millioner mennesker rammet av tørken2011-08-03 Hyllest til rosemarsj2011-07-25 FORUT kondolerer2011-07-14 Urbane Totninger med ny, stor gave
|
|
FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling |