FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

4/2003 >  Gjensyn med Jaffna

Gjensyn med Jaffna

Anne Angeltveit, prosjektleiar i Jaffna 1998-2001 deler sine tankar etter ei vitjing tilbake på gamle trakter.
26.11.2003
FORUT-kontor i Jaffna: Eg svingar inn porten til FORUT...
foto: Anne Angeltveit
Temple Road i Jaffna. Dei kjente lydane og luktene er rundt meg, syklistane, småbutikkane, dei store vakre trea som gir behageleg skugge. Tenk at eg skulle få komma tilbake! Eg ruslar ned gjennom gata som eg kjenner så godt, forbi UNDP og ICRC, på vei mot FORUT-kontoret, på vei mot eit møte med meg sjøl, med eit kapittel av livet mitt som no skal få den avslutninga som eg har mangla i to og eit halvt år.

Våren 2001 reiste eg frå eit Jaffna som fremdeles var i krig, sjøl om situasjonen hadde roa seg mykje. Usikkerheten var der, utryggheten for morgondagen. Kjensla av isolasjon var påtrengjande hos Jaffna-tamilane. Å reisa ut var framleis vanskeleg, sjøl om det ikkje lenger var umogeleg. Søknad til militærstyrkane om reisetillatelse, lang ventetid på det rette papiret, søknad om plass på fly eller båt, der tusenvis stod på venteliste for å få besøkja familie i Colombo. Jernbanen var historie, veien var stengt. Brev blei opna og sensurerte. Telefonen virka igjen, heldigvis. Elektrisiteten virka også, oftast, men berre i byen, ikkje utover resten av halvøya. Det var vanskeleg å få varer inn, og dei vart dyre, og minst like vanskeleg å få transport ut av Jaffna for det som driftige bønder og fiskarar kunne produsera. Mange ville bort, dei såg inga framtid for borna sine her.

Minna frå tida mi her er sterke, på godt og vondt. Fellesskapet med staben, særleg under krig og evakuering, ga gode minne. Framgangen i prosjektarbeidet, å sjå resultat også under vanskelege forhold, var umåteleg oppmuntrande. Bekymringane var mange, praktiske problem måtte løysast som best vi kunne, spenninga frå krigshandlingane var slitsom å leva med. Då eg reiste etter avslutta kontrakt, lova eg at når krigen var over og ein kan reisa fritt til Jaffna, skulle eg komma tilbake og besøkja dei. No var det tid for å halda lovnaden.

Allerede på bussen frå flyplassen og inn til byen denne søndag formiddagen ser eg at Jaffna har forandra seg. Ingen køar ved militære sjekkpostar i gatene, ingen sjekking av ID-kort. Soldatar ser eg framleis, men no treng ikkje folk føla seg ydmyka lenger. Gatebildet har fremdeles ein vrimmel av syklar, men også mopedar, og ein og anna bil. Eg ser tilmed eit skilt med Internett-kafe!

Eg svingar inn porten til FORUT, håpar at dagens vakt er ein av mine gamle kjente, og eg er heldig. Velkomsten av den overraska Navaratnam er varm og ekte. Snart er eg fullt oppdatert på familieforhold, kven som har gifta seg, det planlagte ekteskapet som måtte avlysast, barnefødslar, dødsfall blant mødre og svigermødre. Stab som har flytta til Colombo, nye som har begynt. Hus som har blitt tatt i bruk igjen etter bombeskader. Betre økonomi, varer i butikkane, syklar har blitt bytta ut med mopedar. I det heile er det ein tone av glede og optimisme som gjer meg så glad. Mine venner har det bra!

Seinare på ettermiddagen går eg i solsteika langs Main Street, ruingata. Eg hadde glømt kor varmt og fuktig det er her, sveitten siler. Eg er på vei mot det sterke symbolet for tamilsk kultur, biblioteket, som har stått som ein utbrent ruin i så mange år. Til mi store overrasking ser eg ein kvit, skinnande juvel der framme! Den vakre bygningen er fullstendig gjenoppbygd, hagen har blomstrande planter, eg skimtar bokhyller der inne. Seinare fekk eg vita at det er ikkje opna og tatt i bruk enno, vi får håpa det kan skje snart.

Jaffna: Fiskarane kan dra på havet og fiska utan dei strenge restriksjonane dei hadde før.
foto: Anne Angeltveit
I løpet av mine fem dagar i Jaffna får eg svar på så mange spørsmål. Korleis prosjektarbeidet går, dei store utfordringane med å hjelpa folk å få hus og vatn og finna fotfeste i livet når dei kjem tilbake til landsbyen etter år som flyktningar. Mange fleire har komme tilbake, så oppgåvene er store. Mange ting er lettare no, noko er framleis vanskeleg. Staben møter meg med varme, fortel og forklarer. Det er så kjekt å sjå kor dyktige dei har blitt, dei diskuterer på engelsk, rapporterer og legg planar. Staben har vore på reiser til kollegaer i sør, nokre har tilmed vore i utlandet.

Eg besøkjer prosjektlandsbyar i Jaffna East, og på øyane i vest, og får oppleva korleis det er å reisa rundt i Jaffna utan tidkrevande militære sjekkpostar overalt. Landbruksvarer blir transporterte sørover, no er veien opna etter å ha vore stengt i ti år. Fiskarane kan dra på havet og fiska utan dei strenge restriksjonane dei hadde før, store lastebilar kjem og kjøper fisk og reker for markedet i Colombo. At isolasjonsfølelsen er borte, er kanskje den største forskjellen frå to-tre år tilbake. Flya går fleire
gonger for dagen. Her er e-post og internett, gjestehus og restaurantar. Til den store tempelfestivalen i august i år kom det titusenvis av slektningar på besøk, frå sør og frå utlandet, Europa og Canada, for mange var det nok første gongen dei såg slektningane sidan «exodus», den store flukten i 1995.

Gjenbygd: Til mi store overrasking ser eg ein kvit, skinnande juvel der framme! Gjenbygde Jaffna biliotek
foto: Anne Angeltveit
Eg låner sykkelen til Eirin, prosjektleiaren, og syklar gjennom gater som var stengde då eg budde her, eg ser mobiltelefonar og minibankar, eit supermarked med air condition, og liknande som vi ikkje drøymde om eingong for berre to-tre år sidan. Men fløyelslufta er den same som før på ein sykkeltur gjennom det mjuke kveldsmørket, frangipani-blomane duftar som før, og no hastar det ikkje å komma seg heim før portforbudet! Tenk, ikkje portforbud i Jaffna lenger, det følest rart.

Den sterkaste opplevinga for meg kjem siste dagen, då eg blir med Eirin til Kilinochchi, byen like sør for Jaffna-halvøya, byen som har blitt levande igjen. Det er berre eit par timars kjøring dit, men dette var fullstendig utilgjengeleg område tidlegare. No har veien vore open i halvtanna år, det er lett å kjøra, med berre ein enkel sjekk av reisedokumentet når vi kryssar grensa mellom Jaffna og Vanni. Å reisa gjennom denne delen av Jaffna der kampane rasa våren 2000, er ei merkeleg oppleving for meg. Chemmani, Chavakachcheri, Muhamale, Pallai, Iakkachchi, alle desse namna som gir så sterke minnebilde. Og så det sterkaste: Elephant Pass, den mektigaste festningen i Sri Lanka, som LTTE tok påskekvelden 2000, då hadde vi hørt drønna frå kampane sidan skjertorsdag og skjønte at tusenvis av unge menn og kvinner døydde der ute. No er heile denne militærleiren borte, berre piggtråd står igjen. Vegreparasjonar er i gang, mykje av dei bombeskada småbyane langs veien er bygde opp igjen, og Kilinochchi er i rivande utvikling.

Det er så godt å sjå at dei vanskelege tidene er forbi. Folk er ikkje lenger redde, sjøl om ei viss bekymring for framtida er der. Våpenkvila har vart i snart to år, men fredsavtalen er ikkje sikra enno. Vi får håpa det beste! Folk i Jaffna har hatt nok av krig, flukt og bekymring, dei fortener å få ro til å byggja opp att heimane sine.

Anne Angeltveit,
prosjektleiar i Jaffna 1998 - 2001.
dot

Neste artikkel:

Forrige artikkel:

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD