Hjem
Stilling ledig
Nyheter
Prosjektland
Sri Lanka
India
Nepal
Sierra Leone
Malawi
Temaer
Kampanjer
FORUTs barneaksjon Indrani
Bakgrunnsstoff
Bilder
Fortellinger
Spill, oppgaver, oppskrifter
Fra barnehager og skoler
Skoleløpet
Kampanjenyheter
Støtt FORUT
FORUT-partner
FORUT prosjektpartner
FORUT-nytt/Publikasjoner
English
Nettbutikk
Lenker
|
Home > Prosjektland > India > Frå India med sterk bodskap
Frå India med sterk bodskapAyamma (16) og Nagaraj (26) måtte begge gi opp skolen som barn for å hjelpe til med å skaffe familien inntekter. Ayammas første jobb utanfor heimen var å bære fem kilos kjeksboksar rundt til lokale kjøpmenn. For det fekk 12-åringen mindre enn to kroner om dagen. Nagaraj passa kyr 12-14 timar per dag - av og til også fleire dagar i strekk. Seinare fekk han seg jobb som ryddegut på ein kafé. Han sto i oppvasken og rydda og vaska lokala frå klokka fem om morgonen til elleve om kvelden. Han hadde nesten aldri fri. For dette tente han litt over 500 indiske rupiar, eller ca 90 norske kroner, i månaden.
02.07.2004
– Risen vi fekk var ikkje så verst, men dei nesten rå grønsakene var fæle! Kjøt og fisk utan krydder smakte heller ikkje spesielt godt, meiner Ayamma etter å ha levd ei lita veke på norsk kost. Besøket til Gjøvik og Hamar under den internasjonale veka er hennar første tur utanlands. Ho er særleg glad for at ho har fått møte så mange norske ungdommar. – Vi har fortald om oss sjølve og det arbeidet vi gjer. Samtidig har vi lært mykje om norske forhold. Dei fleste skoleelevane ser ut til å vere glade. Det verkar som dei kan bestemme mykje meir enn ungdommar i India. Vi har fått spørsmål om alt mogleg! Men noen elevar ser ut til å vere heilt i si eiga verd, meiner Ayamma etter travle dagar med besøk på fleire ungdomsskolar og ein vidaregåande skole. Ayamma miste faren da ho var 12. Ho bur saman med mora, fire søstrer og ein bror i slummen i Bangalore. Gjennom Bhima Sangha er Ayamma med på å løfte fram i lyset urettferdige ordningar for barn i arbeid. Blant anna besøker dei barn som jobbar med å selje ting dei har funne på søppelplassane. Dei rekrutterer også nye medlemer og hjelper til med å organisere lokale fagforeningsgrupper. Medlemskontingenten er på éin rupi i månaden, men berre dei som har råd treng å betale. Bhima Sangha er aktive på 28 stader i Bangalore og har mellom anna utnemnt eigne barneombod i fleire bydelar. I samarbeid med CWC (The Concerned for Working Children), som er FORUTs partnerorganisasjon, har dei også starta ein krisetelefon som barn som blir utsette for vald og overgrep kan ringe til. Også lokale barneparlament er oppretta for å gi barn som arbeider ei sterkare røyst og eit forum for å delta i den offentlege debatten om barnearbeid og problema knytt til dette slik dei opplever det. Ayamma drøymer om eit større hus for familien, at søskena skal få ein god skolegang, og at ho sjølv ein gong skal greie å få seg ein bra jobb, kanskje på eit kontor? – Eller så kunne eg tenke meg å jobbe med sminke og make-up, innrømmer Ayamma – som trass i mange tøffe erfaringar altså ikkje har gitt opp jentedraumen. Ho framstår som ein dyktig og motig representant for dei mange i India som på grunn av foreldra sin utilstrekkelege økonomi må jobbe og leve eit vaksenliv i altfor ung alder. – Eg er mest glad for å sjå at jenter ikkje blir diskriminerte her. Dessutan ser ein ikkje så tydeleg forskjell på rike og fattige, alle ser ut til å vere på omtrent same nivå, seier Nagaraj når han skal forklare kva han trur er den største skilnaden mellom India og Noreg. – I landsbyen som eg kjem frå, har jentene det svært vanskeleg. Dei fleste må arbeide hardt heime og får ikkje gå lenge på skolen. Dessutan har dei ikkje lov til å dra langt heimefrå. Foreldra er mest opptatte av om dei har råd å gifte bort døtrene. For mykje skolegang kan gjere medgifta for høg, tenkjer mange. Nagaraj har sjølv gått glipp av mykje skolegang, men står i dag på eigne bein. Gjennom praktisk opplæring og kursing organisert av CWC er han blitt ein dyktig bygningsarbeidar. Han er i dag leiar for ei gruppe på vel 20 ungdommar som tar på seg ulike former for enkel husbygging. Alle har om lag den same bakgrunnen og står med lite formell utdanning fordi dei tidleg måtte ut og tene eigne pengar. I dag står oppdraga i kø. Nagaraj trur at gruppa hans har jobb i over eit år framover. Betalinga er ikkje dårleg og gir eit svært viktig bidrag til familiøkonomien. Nagaraj har begge foreldra i live samt tre søsken – blant dei ein yngre bror som er psykisk utviklingshemma. – Eg byrja å jobbe fordi foreldra mine ikkje tente nok. Jordbruket gir ikkje lenger nok mat eller inntekter. Difor dreg så mange til byen, også frå landsbyen min. Problemet er berre at heller ikkje i byen er det mogleg å finne arbeid som er bra betalt. Lenge hjelpte eg berre til heime med å hente vatn, samle ved og passe lillebroren min, men etter kvart måtte eg ute og finne meg betalt arbeid. Eg treivst ikkje på skolen og lærarane var ikkje hyggelege. Dei meinte vi var dumme og såg det som bortkasta at vi i det heile tatt møtte opp. Nagaraj har ikkje gløymt sitt gamle liv og vil framleis stå på for barns og ungdoms rettar Han er blant anna aktiv i å få på beina andre sjølvhjelp-grupper av ungdommar som har lært seg nyttige, praktiske ferdigheiter. På sikt håper han å bidra til å endre den politiske situasjonen i landet: – Men eg vil ikkje bli ein vanleg politikar. Dei tenkjer berre på seg sjølve og veit ingenting om fattigdom og barnearbeid! Dei politiske partia oppsøker slummen og fattige landsbyar berre når det er valkamp. Heller ikkje dei vaksne fagforbunda bryr seg om situasjonen for barn og unge som på grunn av fattigdom og dei enorme klasseskiljene i samfunet vert tvinga ut i barnearbeid. Difor er det viktig og heilt nødvendig at vi som er unge organiserer oss, seier Nagaraj. Nysgjerrige skoleelevarEi vaken forsamling med nysgjerrige blikk sat lydhøre da Ayamma og Nagaraj skildra livet som ung i India foran klasse 2B på Hamar katedralskole. I nesten to ordinære skoletimar heldt dei indiske gjestane interessa oppe hos dei norske ungdommane, som trass i heilt andre oppvekstsvilkår hadde mange spørsmål dei ikkje ville brenne inne med. Undervegs var også klassestyrar Tore Stenersen frampå med sine kommentarar. Kvifor må barnearbeidarar organisere seg? Kor mykje kan ein tene som hushjelp? Kva har det å seie at barnearbeid formelt sett er ulovleg? Og: Kvifor gjer ikkje styresmaktene i India meir for dei fattige? – var noen av dei krevande spørsmåla klassen gjerne ville ha svar på.
– Vi treng å bli påminna om korleis andre har det. Derfor er eg glad for at elevane var nysgjerrige og stilte mange spørsmål til Ayamma og Nagaraj, seier han. Møtte ordførar og formannskapFORUTs æresgjestar under Internasjonal uke, Ayamma og Nagaraj, blei inviterte av ordføraren i Gjøvik til å fortelje om situasjonen for barn og ungdom i India. Det skjedde på eit ordinært formannskapsmøte i rådhuset, der politikarane for ei stund la kommuneplanen til sides for å lære om kvardagen til barn og ungdom som på grunn av fattigdom må jobbe i staden for å gå på skole. Ayamma og Nagaraj fortalde først sine personlege historier og forklarte deretter korleis dei faglege organisasjonane dei representerer prøver å betre dei sosiale tilhøva for barn som er i arbeid. Drøfta fattigdom og barnearbeid med norske ungdomspolitikarar
– Ein viktig grunn til at vi har lykkast med å danne fagforbund for barn og unge, og også har nådd fram overfor arbeidsgivarar og lokale styresmakter med fleire krav, er at vi bevisst har følgt ei ikkje-aggressiv, ikkje-valdeleg linje. Dermed blir vi tatt på alvor i større grad, meiner Nagaraj Shettigar. – Vi blir ein del av den politiske prosessen og kan lettare få aksept når vi argumenterer for betre ordningar og sosial tryggleik for barn og ungdom i arbeid, seier representanten for Namma Sabha, fagforeininga som organiserer ungdom over 18 år som tidlegare har vore barnearbeidarar. – Viss det er slik at barn generelt jobbar for å skaffe inntekter til familien, da må jo eit viktig mål vere å arbeide for å auke lønene til foreldra slik at barn og ungdom i framtida ikkje blir tvinga ut i arbeid, men i staden kan gå på skole! Slik oppsummerte Christoffer Biong frå Unge Venstre debatten, som både han og dei øvrige ungdomspolitikarane engasjerte seg sterkt i.
|
Nyheter fra FORUT2011-09-23 Interessekonflikt i sentrum2011-09-19 Erklæring allerede vedtatt2011-09-19 FORUT på FNs høynivåmøte2011-08-09 Ti millioner mennesker rammet av tørken2011-08-03 Hyllest til rosemarsj2011-07-25 FORUT kondolerer2011-07-14 Urbane Totninger med ny, stor gave
|
||||||
FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling |